Til deg, du hei…
Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
Til deg, du visne Lyng um Haug,
der Draumar sviv,
eg gjev min Song um Dimd og Draug
og dulde Liv.
Eg veit det vel: dei sterke Troll,
den Vilje rik;
ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,
sløkkt i eit Skrik. —
Men Lerka stig fraa gløymde Grav
med Sigers Ljod;
og Vinden stryker inn av Hav
so frisk og god.
Og um me kjenner Graat og Gru
og Saknad saar,
so maa me Lerkesongen tru,
som lovar Vaar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar